Sider

lørdag 9. november 2013

Sanninga, sanninga, gut





Me hadde ein avtale
klokka åtte.
Eg møtte ikkje opp.
Eg sa at eg hadde
gløymt det.

Sanninga, sanninga, gut

Dei fortalde meg
om vikingane i
vikingtida
om vikingane
i 1814,
Om vikingane
i 1905,
Om vikingane
under krigen.

Eg spurde om
dei andre.

Då såg dei på meg
og spurde:
-Kve heiter du.
-Atle Bjørn,sa eg
-Det gjer du ikkje.
Me vil vita
sanninga, sa dei.
-Du heiter Bjørn Atle
-Javel, sa eg.

Dei som har makta
fortel sanninga.
Og makta ser på meg.

Sanninga, sanninga, gut.
(ABM 09.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar