Sider

torsdag 14. november 2013

Ein dag med ruskete ver



Eg ser på blomen
i stoveglaset
og tenkjer på
blomeprakt
sollys og
glitrande bølgjer
på sjøen

og tenkjer på alle dei
som sit ute i
uver og regn

og tenkjer på
sollys og
blomeprakt og
glitrande bølgjer
på sjøen

eller jenta med
fyrstikkene som
tenner på
sttikke etter stikke
og ser det
skinnande sollyset
gjennom flammen
i den bitande
kulden 
(ABM 14.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar