I dag skal eg skriva eit dikt om historielause
vandalar. På Heiane på Stord låg ein om lag 10 000 år gammal buplass.
Området var freda heilt til utbyggjaren av Heiane Vest hadde bruk for denne historiske buplassen til tomteland. Det har gått greitt. Alle instansar var samde med utbyggjaren. Brått grov arkeologar
ut det dei fekk tid til, og så var buplassen historie.
Alle
lo utan eg
Riksantikvaren
lo.
-La
dei få rasera
buplassen.
Byggherren
treng
tomteland
Ordføraren
lo.
-Riksantikvaren
gav
oss
lov.
La
oss rasera
buplassen
Byggherren
treng
tomteland.
Arkeologane
lo.
-Me
grev ut så
lenge
me får lov.
Byggherren
betaler
og
treng
tomteland
Alle
lo
utanom
eg.
Eg
var heilt
alvorleg.
(ABM 16.11.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar