det store eventyret
då eg var liten.
om silkevegen
det uendeleg fjerne
og strålande
der dei vandra
i sollyset med
kamelane sine.
dei drøymde meg
den lange vegen heilt
til
Samarkand
men
dei gløymde
å
fortelja meg tilbake på
den
lange vegen
frå
Samarkand
til
det verkelege
livet
det
sanne og
det
usanne
der
dei gret og
skjer
tenner
då
kan eg gå
bakover
og
finna ei
nyare
sanning
og
tenkja på det
(ABM 15.11.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar