Sider

tirsdag 26. november 2013

Heldigvis



Mørk natt i skodde
og snøver
er det mørkaste
eg veit om.

Lydlaust og svart

Eg går ikkje
inn der utan å
skræma meg sjølv

Blind og tom
Nifst

Om morgonen
er skodda borte

Den første snøen
ligg strålande kvit
mellom trea og over
dei store fjella

Aldri er eg så
glad
som den
kvitlyse morgonen
etter skodde
og snøver i
mørkaste natta. 
(ABM 27.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar