Blomane har visna
for
i år
eg
tenkjer i grunnen
ikkje
så mykje på det.
det
skjer no kvart år
kanskje
burde eg
tenkt
på det
kanskje
opplever
eg
ikkje at
blomane
visnar
neste
år
men
det tenkjer
eg
ikkje på.
i
kveld skal eg
snakka
med gode
vener.
i
morgon skal eg
innom
barnebarnet
og
spørja
Korleis
går det med deg.
eller
eg skal gle
meg
over katten
som
ruslar forbi
vindauga
mitt
og
fuglen som sit
i
treet og ventar
på
mat.
då
nærmar vinteren
seg
ei
mørk og
god
tid.
(ABM 02.11.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar