Sider

mandag 4. november 2013

Dei ville og dei tamme


Dei ville blomane
ute i den store
skogen
visnar tidlegare
enn
dei tamme blomane
i hagen.

Det tenkjer eg på
i dag
og undrar meg.

Er det alltid slik
at dei tamme
varer lenger enn
dei ville

Kanskje er det 
grunnen til at
me alltid prøver
å temja dei ville.

I eit langt liv har alle
prøvd å temja meg.

No trur eg vil gå
ut i den store skogen
og bli vill att. 

(ABM 04.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar