Sider

mandag 25. november 2013

Merket


I dag tidleg var det nett same veret som 19.01.2010. Då tenkte eg at eg skriv det same diktet og bildet som eg laga då.


Frå vindauga mitt
ser eg fjellet
over fjorden.

Ein dag lagar sola
ein lysande krans
rundt fjellet.

Det er merket mitt
på at våren
kjem i år også.

Eg har fleire  merke.
Dei gjer livet
litt lettare å bera.
(ABM 19.01.10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar