Sider

lørdag 23. november 2013

Det vakraste ordet



Eg leita og leita
etter det vakraste
ordet
i ordbøkene, i songane
og alle stader
eg lytta til orda
inne i meg

då kom ordet
fivrelda opp

den varme sommaren
sola og sjøen
lufta dirrar
over blomeenga

der er
fivrelda
midt imellom

og eg veit med
meg sjølv
at det er det
vakraste ordet. 
(ABM 23.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar