Sider

tirsdag 19. november 2013

Jazzmusikken



Jazzmusikken
spelar
inn i sjela mi
sørgmodig variert
og song i rytmen

songen frå den
lange marsjen
i Afrika

over havet
i lenkjer

og til dei solsvidde
bomullsmarkene
og vakter med
pisk og gevær

og så jazzmusikken
som fortel om
lidingane
og det lange
slitet

me lever i 
jazzmusikken
for me kjenner 
oss att
mange av oss
her i denne
store verda. 
(ABM 19.11.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar