Hei
No har eg vore ei veke i Kroatia. Ein dag var me i Monte Negro. No får du nokre glimt frå denne turen, dag for dag. Me reiste ned der den 19.10.2013 og kom fram om kvelden. Eg har alt skrive eit innlegg frå den 19.10.2013 før me reiste. No får du eit nytt.
19.10.2013
I
går kveld såg eg månen
strålande
vakker og stor
over
Hardangerfjord.
I
dag ser eg månen
gulblank
og strålande lik
over
gamle Dubrovnik.
Månen
Den
same som han var
i går og i dag.
(ABM 19.10.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar