Sider

onsdag 16. oktober 2013

Oppfør deg so folk sa mor mi


Oppfør deg so folk
sa mor mi då eg
drog ut i verda.

Dei hadde lært
gjennom
hundrevis av år
at det var lurt.

Det hadde dei også
funne ut
i Mostar.

I hundrevis av år
hadde dei oppført
seg so folk - også
mot dei på den
andre sida av
brua 
over elva Mostar.

Så kom det ein
som sa at det var
dødsfienden
som budde på den
andre sida av
brua 
over elva Mostar.

Då oppførte 
dei seg ikkje
so folk lenger.


(ABM 16.10.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar