Sider

onsdag 30. oktober 2013

Å gløyma er alt som skal til


Du gjekk frå meg
ein sommar morgon.

Å gløyma er alt som skal til.

Dei kriga mot kvarandre
i krigen.

Å gløyma er alt som skal til.

Dei brente bøkene
 på bålet.

Å gløyma er alt som skal til.

Men ordet om det som hende
 går vidare

opp liene
utover havet
langs strendene
og mellom alle folk 
som 
trudde at å gløyma
er alt som skal til. 
(ABM 30.10.2013)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar