Sider

mandag 14. oktober 2013

Å gøyma seg i skodde


Skodda ligg tett i dag.
Å gå inn i skodda
er ei underleg
oppleving.

Du er åleine
Utan lyd.
Du gruar deg
for det nifse
 og gler deg
over einsemda.
Den inderlege
gode einsemda.

Du snur deg og
ser ingenting
luktar ingenting
høyrer ingenting

Du lukkar deg inne i
deg sjølv
i heile den vide verda.

Av og til er det
ein god ting,
men oftare slit det
deg i stumpar
og stykke
og du lengtar etter
den brølande einsemda
mellom menge folk. 

(ABM 14.10.2013)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar