Den sakte modige står
i måneskinn
og nordanvind.
Han
uler ikkje
mot
månen
han
skrik ikkje
mot
vinden.
Han
luter seg
innover
i seg sjølv
og
seier ikkje
så
mange ord.
Han
er berre der og
held
handa mi når
eg
har vonde dagar
når livet er
vrient og vrangt
og snur det
andre
kinnet til.
Då
er du der min
sakte modige
venn.
(ABM 17.10.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar