eg
fann eit potteskår
ute
i hagen
lurer
meg på
kva
dette skåret
er
ein del av
eg
sat på ein gravhaug
nede
i skogen
lurer
meg på
kven
som la den
første
steinen
eg
såg ei ung dame
med
barnevogn
lurer
meg på
kva
barnet seier
om
tjue år
eg
høyrde ein fugl
kvitra
og slo
lurer
meg på om
han
snart drar
til
varme land
eg
møtte meg sjølv
i
det ovale speilet
lurer
meg på
kva
som skjer
når
eg går ut
(ABM 04.10.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar