28,10,2013
Det
gjekk ei gammal
dame
og tigga
framfor
porten til
gamlebyen
i Kotor.
-Sigøynar,
sa
guiden vår.
Dei
er her om sommaren.
om
vinteren veit ingen
kvar
dei blir av,
sa
guiden vår.
Han
kunne like godt
sagt
det om oss.
Me
reiser også til
Kotor
om sommaren.
Om
vinteren veit dei ikkje
kvar
me blir av.
Eg
trur eg sluttar
reiseskildringane
no.
Eg
har opplevd mykje,
men
truleg sett lite.
(ABM
28.10.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar