24.10.13
Me ville sjå den
vidgjetne
byen
Kotor
På
vegen for me
framom
ein nedlagt
militærleir
med
rustne
kanoner
tomme
og skrøpelege
bygningar
Litt
etter kom me
til
Kotor
Festningsmurane
var
velhaldne
og
det yrte av liv
i
gamlebyen
der
inne
Festningsmurane
strekte
seg frå hamna
og
opp til dei
høgaste
fjell
over
1000 trappetrinn
og
høge murar.
Eg
lurte på kven
som
hadde laga
murane
oppe i dei
stupbratte
berga
Eg
lurte på kven
som
hadde bore
mat
til dei
sement
og steinar
Mest
tenkte eg på
at
Monte Negro
kanskje
hadde
lagt
bort krigen
men
tok vare på
dei
historiske
minnesmerka
sine.
(ABM 24.10.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar