Sider

tirsdag 8. oktober 2013

Det nye lyset og forventningane

I dag har eg lyst til å dela eit bilde og eit dikt frå 2006. Det er så ustyrleg regn ute at eg må ha noko meir oppmuntrande å sjå og lesa på.



Den første aninga av lys
over himmelen.
Lyset speglar
sjøen og dei høgaste punkta
i landskapet.

Slik er det alltid.
Lyset og den nye dagen
finn du i speglingane
over himmelen.

Slik er det også med
meg og deg
og alle dei andre.
Det nye lyset, livet
og forventningane
finn fram til oss. 
(ABM   25.09.06)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar