I dag den 3. oktober 2013 har eg av ein eller annan grunn lyst til å leggja ut diktet I draumen min og kopi av maleriet til dette bildet. Eg laga diktet og maleriet i 2009.
I
draumen min
frå
barndommens rike
var
fjorden blå.
Fjella
og himmelen
tona
bakover
i
alle slags blåe fargar.
Men
båtane var alltid kvite.
Dei
for forbi.
Og
så kom det nye.
Det
var ingen vond draum.
ABM 2009

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar