Sider

tirsdag 29. oktober 2013

Når guden Mammon styrer og steller

I forgår kom eg heim frå
Kroatia og Montenegro

Eg har gått på festningsmurane
i Dubrovnik
og gjesta gamlebyen
innanfor murane.

I Monte Negro har eg sett
restane av eit hus
frå romartida.
Guiden fortalde og
fortalde
om romma
om livet der
om dei fantastiske golva
med bilde og fargar.

Guiden i Kotor fortalde
om livet og bygningane
i gamlebyen og om
festningsmurane frå
sjøen og høgt oppi fjellet.

Det var ei ære og ei glede
å vitja desse stadene.
litt av vår eiga historie
er også der.

Så kom eg heim
og las i avisa at torsdag
kunne folk besøkja den
tidlegaste buplassen
dei har funne på Stord
nærare 10 000 år gammal.

-Du kan koka maten din i
den gamle eldstaden,
seier arrangøren.

Så skal buplassen
 øydeleggjast
Det er visst plass til ei tomt
 eller to.

For nærare 10 000 år sidan
budde det folk der
laga mat
sov om nettene
arbeidde om dagen
hadde minnestunder
om forfedrane sine
og ba til gudane.

På Stord i 2013
jamnar dei historia vår
til tomteland
og ber til
guden Mammon. 
(ABM 29.10.2013)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar