I
forgår kom eg heim frå
Kroatia
og Montenegro
Eg
har gått på festningsmurane
i
Dubrovnik
og
gjesta gamlebyen
innanfor
murane.
I
Monte Negro har eg sett
restane
av eit hus
frå
romartida.
Guiden
fortalde og
fortalde
om
romma
om
livet der
om
dei fantastiske golva
med
bilde og fargar.
Guiden
i Kotor fortalde
om
livet og bygningane
i
gamlebyen og om
festningsmurane
frå
sjøen
og høgt oppi fjellet.
Det
var ei ære og ei glede
å
vitja desse stadene.
litt
av vår eiga historie
er
også der.
Så
kom eg heim
og
las i avisa at torsdag
kunne
folk besøkja den
tidlegaste
buplassen
dei
har funne på Stord
nærare
10 000 år gammal.
-Du
kan koka maten din i
den
gamle eldstaden,
seier
arrangøren.
Så skal buplassen
øydeleggjast
Det er visst plass til ei tomt
eller to.
For
nærare 10 000 år sidan
budde
det folk der
laga
mat
sov
om nettene
arbeidde
om dagen
hadde
minnestunder
om
forfedrane sine
og
ba til gudane.
På
Stord i 2013
jamnar
dei historia vår
til
tomteland
og
ber til
guden
Mammon.
(ABM 29.10.2013)