Sider

mandag 31. mars 2014

Den motsette tanken


Når eg verkjer
og lir vondt.

Frå det inste
i meg kjem
dei tunge orda.
Eg orkar ikkje meir.
Ropar ut
skrik
og uler.
Eg ser mørke
kvar eg snur meg.

Mot desse  usle
maktene.
Dette klarar eg.
Eg gler meg til
eit TV-program
Ein tur med båten
Lange gode
kveldar
i peisestova.
Eitt steg om gongen.
Framover.

Det er ikkje lett
å sjå kva ord og tanke
som kjem til
å vinna. 

(ABM 31.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar