Sider

tirsdag 18. mars 2014

Å vera ulike


Det inste i meg
uler når eg møter
dei andre
dei som er ulike oss.

Månen er i ne
og ljoset lyser med.

Det inste i meg
seier redsel for
dei andre
som er ulike
endå verre
uler det.

Månen er i ne
og ljoset lyser med.

Eg skubbar det
inste attende og
bestemmer meg for
at det er viktig
å vera ulik
det skaper framsteg

og ei rikare verd
det ropar eg frå
alle fjelltoppane.

Månen er i ne
og ljoset lyser med. 

(ABM 18.03.2014)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar