Sider

søndag 16. mars 2014

dei usynlege


det var ingen som
såg at eg gjekk
det var heller ingen
som såg at eg kom
attende

å vera einsam i eit
mylder av folk
er verre
enn å vandra
åleine i den
store ørkenen
der har du
ljoset
den varme
sanden
den vide
himmelen

å vera einsam
mellom mange
folk
er fælsleg 

(ABM 16.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar