Etterpå
tenkte eg.
Kva gjekk galt.
Eg
trur eg veit det.
Kanskje dei andre
opplevde
det annleis.
Då
fortel dei
ei
anna historie
om
kva som gjekk galt.
T.d.
på Krimhalvøya.
Handlar
om alle som
kom
der og laga
si
eiga historie.
No
kjem dei
som
vil laga ei ny
historie
for dei.
Etterpå
tenkjer alle på
kva
som gjekk galt.
Alle
trur på si eiga
forklaring.
Eg tenkjer på
at me er like langt.
For ingen lærer av
historia.
(ABM 09.03.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar