Sider

tirsdag 11. mars 2014

Første prioritet



Det var alvorlegare
enn dei trudde.
-Du får no
første prioritet,
sa dei.

Eg visste ikkje
kva det tydde,
og min gode ven
var uroleg.

-Du må koma
snarast til
grundigare
undersøking,
hadde dei sagt
til han.
-Du har første
prioritet,
sa dei.

Eg tenkte med
meg sjølv
at ein slik
første prioritet
ville eg ikkje
hatt. 

(ABM 11.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar