Sider

torsdag 20. mars 2014

Skotpremie


Før var det skotpremie
på enkelte dyr og fuglar.
Det er mykje slutt på det.

No er det skotpremie
på terroristleiarar.
For å spara mykje
død og liding.

Tenk om det hadde vore
skotpremie på
Adolf Hitler i 1933,
eller Stalin
eller Pinochet
eller eller

Kor mange menneske
vore spart for
liding og død.

Det eine livet
og det andre
er vel like
mykje verd
heiter det i
barnelærdommen.

Men det er heilt
til dei ærgjerrige
rå og brutale
får kloa i oss.
Slike som gjer
vondt for
dei andre og
godt for seg sjølv.

Finn dei og set
skotpremie på dei. 

(ABM 20.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar