Snøfokk
og kald vind.
Eit
minne frå vinteren
i
fjor.
I
år spring
snøklokkene
tidleg ut.
Krokusen
er på veg.
Mange
ting spirer
og
sprengjer på.
Den
første ormen i år.
Tidleg.
Det
uvanlege
uroar
oss.
Det
er noko
djupt
der inne
i
oss
som
rører på seg.
Før
prøvde dei
å
gøyma uroa
med
song og dans
og
ropte på gudane.
No
for tida
ser
me så vidt
opp
frå mobilen
og
datamaskina
-Oi
sann, seier me.
(ABM 01.03.2014)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar