Sider

onsdag 26. mars 2014

Den du aldri møtte


Du står
på perrongen
når toget går.
Eg ser deg gjennom
togvindauga.
Eit kort sekund.
Augo møtest
og kjenner
kvarandre att.

Sjølv om me aldri
hadde sett
kvarandre før.
I dette glimtet
fanga me noko.
Me visste det.

Eg har sett etter deg
alle dagar seinare.
Og eg vil kjenna
deg att. 

(ABM 26.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar