Ein
lukkeleg dag
er
å fiska
to
palar og ein lyr
koka
dei sprelande
ferske
fiskekrafta
til
fiskesuppe
smeltar smør
med kveitemjøl
rører
fiskekrafta i
rekekraft
oppi
kokar
i fem minutt
med
gulerøter
smakar
til med
mjølk
fløyte
rjome
krydder
og fiskebuljong
serverer med
den kokte fisken
reker
blåskjell
og ferskt brød.
Dagen
er ikkje
den
same etterpå
ung
og ny
(ABM 19.03.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar