Sider

fredag 14. mars 2014

Alle orda



Å vera 14 år
på skulen.
Alle orda du
skal læra.
Vanskelege ord
som menneska
har brukt tider
på å forstå.

I veke 11 i det
Herrens år 2014
har 14-åringen
til dømes dette
læringsmålet
”å kunna drøfta
utvalde
bibeltekstar frå
profetane,
eit evangelium
og forklara
særpreg og
hovudtanken
i desse.”

Mangt kan seiast
om ein 14-åring,
men ordet drøfta
er vanskeleg nok
for ein 40-åring.
Det er berre det
første ordet.
Gud hjelpe meg -
sjå på
dei orda som kjem
etterpå. 

(ABM 14.03.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar