Sider

mandag 9. juni 2014

Midt i musikken


Det er den
musikken då.
Eg sit midt i.
Koret
fiolinane
trommene
trompetane
og alt.
Det brusar i meg.

Vårherre med
utstrekte hender
mot den blå
himmelen.

Brua eksploderer
i eit inferno
i krigen.

Så den stille
sommarmorgonen
ljos og sol
og sjø.

Vil du meg noko
sit eg midt
i musikken. 

(ABM 09.06.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar