Sider

torsdag 5. juni 2014

Karl Martin, Oliver og Besten


Me laga eit bilde
saman.
Oliver malte
tre og sjø.
Karl Martin
båtar,
naust og bilar,
og Besten malte
eit stort hus
og eit
kjempedigert
fjell.

Oliver var tre år,
Karl Martin ni
og eit halvt,
og Besten var
nesten
sekstifem år.

Mens me malte,
snakka me om
mange ting.
Sjå fisken der.
Bilane kjem
i fin fart.
Skal eg mala
dei som
bur i huset, Besten?

Ei lita hending
i livet
mens dagane
elles er
fulle av mange ting. 

(ABM 25.05.09)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar