I dag skriv eg eit dikt som eg laga i 1984, midt i den kalde krigen. Det høver desverre i dag også.
Diktet byggjer på ei verkeleg hending i klasserommet mitt i 1977.
No kan de skriva eit
dikt
om før og no,
sa
eg til barna.
Ein gut som var elleve
år,
kom
gledestrålande
fram til meg.
Han hadde skrive:
Før laga eg
første
verdskrig.
No
har eg slutta
med det.
Eg sa til han:
Du
har vore ein flink gut.
Etterpå sat eg bak det
trygge katetret mitt,
og
tenkte ein augneblink
med meg sjølv.
(ABM
1984)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar