Det
er eit naust
ein
stad
langs
strendene.
Om
vinteren
er
det kaldt og
audsleg.
Kanskje
måsane
varmar
seg i
fjørene
til
kvarandre.
Om
våren
er
det yrande
liv.
Kanskje
ein
fugl
på
nausttaket.
Om
sommaren
er
det varmt
og
nært.
Kanskje
blir
badegjestane
verande
heile
natta.
Om
hausten
er
det fargar
og
hustrig.
Kanskje
ligg
guten
og
ser på fisken
som
vaker
før
han sym
mot
djupet
og
vinteren.
Kanskje
må me
alle
vaka
og
trekkja litt
luft
før
me sym
ned
til
dei
store
djupnene.
(ABM okt. 2012)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar