Sider

mandag 30. juni 2014

Nett etter stormen


Nett etter stormen
er himmelen høg
og vill.

Sjølv den minste
blome
står fram i prakt.

Fargane sprengjer
og speglar hav
og fjell og fjord
i fantastiske og
skarpe fargar.

Når stormen
nett har
stilna
er du også
fargerik
og vill. 

(ABM 2004)


søndag 29. juni 2014

Dei tryllar med meg uavlateleg til alle tider


Tryllekunstnaren
politikaren
fyrsten
kongen
keisaren
presten
biskopen
imamen
presidenten
og alle
andre
prøver så godt
dei kan.

Trylla bort
Simsalabim.
Det vonde
det sjuke
det skakke
og skeive
liding og død
armod og krig
skrekk og gru.

Alt som eg
ikkje vil
tenkja på.
Trylla bort.
Så lett så lett.

Men slik er
det ikkje.
Eg må nok
finna andre
metodar.

Eg har leita
i alle bøker
i alle religionar
i alle ideologiar.
Spurt barn,
unge, vaksne
og gamle
og skrive ned
svara deira.

Ingen veit svaret.
Det inste i meg
seier  
ingen ting. 

(ABM 29.06.2014)

lørdag 28. juni 2014

Me veit når hausten er omme


I dag har hausten
vinteren i seg.
Den blå klare lufta
 og dei høge skyene
som snakkar snø
med kvarandre.

Eg går til arbeidet mitt
som er det same til alle
 årstider.
Likevel kjenner eg
 ei uro
langt inni meg.
Uroa over at hausten
er omme
og vinteren tek til.
Uro over endringane.
Sjølv om eg veit
dei vil koma.

Likevel er det djupaste
 i meg uroleg.
Kanskje er det noko
 læraren, foreldra
og alle dei andre
har gløymt å læra meg.

Det er noko om
mysteriet inni oss.

Kanskje er det
vanskeleg
å få med i
læreplanane.
Eller dei trur
 kanskje at
det er ufarleg. 

(ABM 1986)

torsdag 26. juni 2014

I dag også, heldigvis


Når dagen gryr
er den lange
natta omme,
 og eg kan
slumra inn.

No er dei her
att
orda som har
vore borte
ei stund.
Det inste
har kvilt seg,
trur eg.

Vinden ber deg
fram
sakte, sakte.
Dagen gryr
eg ser deg inn
i svevnen.
Der er eg
heilt for
meg sjølv.

Vakna no
så høyrer
eg songen din
uavlateleg
heile tida.

Vinteren
og våren
går i eitt
kvart på tolv
kvar dag. 

(ABM 26.06.2014)

onsdag 25. juni 2014

Tida stoppar opp ein augneblink


Tida kjem og går.
Og det er långt att.

Krigane rasar
som før.
I Afganistan, Irak
og elles.

Du Besten.
Kan eg få sitja på
 fanget ditt.
Og så fortel
du meg
om bjørnen
 og reven. 

(ABM 2001)

tirsdag 24. juni 2014

Guten og det raude naustet


Det er eit naust
ein stad
langs strendene.

Om vinteren
er det kaldt og
 audsleg.
Kanskje måsane
varmar seg i
fjørene
til kvarandre.

Om våren
er det yrande
liv.
Kanskje ein
fugl
på nausttaket.

Om sommaren
er det varmt
og nært.
Kanskje blir
badegjestane
verande
heile natta.


Om hausten
er det fargar
og hustrig.
Kanskje ligg
guten
og ser på fisken
som vaker
før han sym
 mot
djupet og
 vinteren.

Kanskje må me
alle vaka
og trekkja litt
luft
før me sym
ned til
dei store
djupnene. 

(ABM okt. 2012)


mandag 23. juni 2014

I dag for ti år sidan slutta vietnamkrigen, seier dei i dagsnytt


I dag skriv eg eit dikt som har 30 års jubileum. Eit apropos til krigane i Syria, Sudan, Kongo og elles alle andre stader dei framleis slår kvarandre i hel.

Alle lever i grunnen
 sitt liv.
Spørsmålet er om det
 er meir verdt,
president Reagen sitt liv
enn mitt liv?
Historikarar og
 journalistar
 seier at
Reagen sitt liv er
 meir verdt
for han skal
 skriva under
slik at krigane
held fram
i Nicaragua, i Libanon,
i Sudan, i Kambodia
og elles alle andre stader
der barn, kvinner og menn
blir drepne
for at presidentane
og hans menn
skal leva lenge i landet.

Same kva dei heiter
dei som har skrive under
og dei som no skriv under.
Livet mitt tenkte
 dei ikkje på.


(ABM 1984)

lørdag 21. juni 2014

Leitar me lenge nok, finn me den gode dagen


I dag skriv eg eit dikt som eg laga i 1964, for 50 år sidan.


Eg kan plukka
blomar med deg
og lytta til ingen ting.

Det useielege.
Me veit det berre.

Sitja mellom 
dei gule blomane
og pusta inn
den gode dagen.


(ABM 1964)

fredag 20. juni 2014

Eller kanskje gjera ingen ting



Du må fylla tida di,
seier me
heile tida
alltid.
På skulen
på arbeid
og så vidare
og så vidare

Eller kanskje gjera
ingenting ei stund,
seier me aldri 

(ABM 1976)


torsdag 19. juni 2014

Eg kjem om kvelden


Til slutt reiste
eg heim att.
Det vide
havet.
Dei skummande
bølgjene.
Dei mørke bratte
liene.

Likevel.

For bortanfor
havet
skimta eg
lyset
om noko
anna.
Forventning.
Kanskje var det
Dette eg sakna ute
i den store verda 

(ABM 08.02.11)


onsdag 18. juni 2014

Den frie staden


Ein liten puslete
stad.
Nokre grasstrå
ein gul blome
ei bjørk
og eit furutre.
Fjorden og havet
langt der ute.
Solljoset sildrar
gjennom.
Blenkjer og skin.

All sut og alt kav
sig av meg
På denne freda
staden.
Den frie staden
min.
 (ABM 18.06.2014)

tirsdag 17. juni 2014

Det uframkommelege livet


I går såg eg
to innslag
i Dagsrevyen.

I dag kom orda
Det
uframkommelege
livet
opp frå det inste
og alle orda på
rekkje og rad.

Dei bar
flyktningejenta
mot ambulansen
-Ho overlever
kanskje
viss me finn eit
sjukehus.
-Eg sørgjer
over  deg
min kjære.
Mora gret.
Det
uframkommelege
livet.

Ein person
med svart hette
skaut fangen sin.
-Me sørgjer
over deg
min kjære.
Dei etterlatne
kjem til å gråte.
Det
uframkommelege
livet.

Person med
svart hette
som skaut
fangen sin
og dei som
er saman
med han
og dei som
gjev han lov
til å skyta
fangen sin
kjem til å
møta Det
uframkommelege
livet
her på jorda
ute mellom
stjernene
i vandring
kvilelaust
i rømdene
til evig tid.


(ABM 17.06.2014)

søndag 15. juni 2014

Dei to andleta


 Opplæringstida 
er slutt no.
Andletet ditt er meisla 
slik at du lever
livet ditt.

Augo dine er 
faste og tomme,
munnen ein strek
med automatisert
opne- og 
lukkemekanisme.
Linene i kinnet ditt
er festna.

Og så går du bort 
i livet ditt
og gjer det du må.
Det andre andletet ditt
finst ikkje lenger.
Læreplanen i livet og skulen
arbeider saman
om å få det bort.

Så har du mist
det andre andletet ditt.

Det som vender seg mot meg
ope, nake
 forsvarslaust.
Munnen mjuknar
og strekane viskar ut
alt du har lært,
slik at du møter meg og
fangar mysteriet saman.

           (ABM 1985)