ABC-boka ramma
barndommen inn.
Ho var læreplanen i
skulen.
Ho låg i ranselen som
ein heilagdom.
Ho var boka mi for
alltid.
Ingen
skulle ha ho att.
ABC-boka var mi.
Harepusen, bjørnen,
blomane,
Ola,
Kari og alle dei andre.
Og så bokstavane og orda
som
opna verda mi.
Så oppdaga eg litt om
litt
den verkelege ABC-boka.
Den
måtte eg læra meg sjølv.
Læreplanen
om livet.
Då var eventyret slutt,
og eg fann fram den
første ABC-boka mi
og reiv ho sund.
Side etter side
og kasta dei inn
i den flammande elden.
(ABM
1983)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar