Det
står ein
kontainer
ute
i
skogen.
Låst
og bolta fast.
Stått
der i
mange
år.
Attlaten
og
gløymt.
Eg
bankar
stundom
på
han.
-Hei,
hei,
seier
eg.
I
det inste
i
deg sjølv
er
det attlatne
rom
låst
og
bolta
og
gløymt.
Ingen
kjem ut
og
du vågar
ikkje
å banka på.
Du
vil det ikkje
heller.
For
livet er
vanskeleg
nok
i
seg sjølv.
(ABM 21.05.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar