Sider

fredag 2. mai 2014

Apropos 1.mai


Sundagsstille i varme
gater.
Solver og ljos langs den
blanke sjøen.
No siglar eg fredfullt i
djupraudt og iskaldt
krater.
Langt der inne finn
du meg att.
Eg og far min og
bror min på bøen.
-Det gjer me i
morgon
sa faren vår då.
Mat til dyra
til vinteren så.

Tungt og slitsomt
for reina er bratt.
Men det er me
van med i langan
tid.
I generasjonar var
dette verda
mi.

Så reiste eg ut
til det forjetta
landet,
eller til Oslo
og Bergen for å
læra meg opp.
Det lange slitet
kunne me med.
Det berga oss
mange gonger det.

Slik gjekk det
framover dag for dag.
Vegarbeidaren,
fabrikkarbeidaren
og læraren
på same lag.
Me trudde det ville
vara uendeleg lenge.
for me fekk arbeid
til alle og fritid,
og alle fekk læra
og alle sa du.

No er det tydeleg
at målet er nådd
for fjernsynet
melder at dei fleste
i talet
trur at 1.mai er ein
allminneleg dag.
Ein fridag å sysla
i solvarme gater,
på bøen,
i solver og ljos
på den blanke sjøen. 
(ABM 02.05.2014)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar