Sider

lørdag 3. mai 2014

Du har det ein stad i minnet ditt


For mange år sidan
kjørte eg i bil
frå Minneapolis
til Duluth
Til den store
innsjøen
Superior.

Nedover dalen
langs elva
kjende eg meg att.
Det inste i meg
sa til meg:
-Her har du vore før.
Bjørkeskog og kratt.
Skråningane
ned mot elva.

Eg fortalde det
til dei andre
i bilen.

Då sa det inste
til meg:
-Snart ser du
Hjortefot.
Han var med i
indianarbøkene
eg slukte som
liten gut.
Nokre av dei
frå desse traktene.
-Forunderleg,
tenkte eg.


(ABM 03.05.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar