Sider

lørdag 31. mai 2014

Breitle


Varme milde
gode sommardagar
og høyet ligg
i breitle.
Dovne ljose
og varme dagar.
Far min og eg
var tidleg oppe.
Morgondogg 
på bøen.
Far min slo
graset og eg
raka høyet ut
til breitle.

Så var det lat
og stille dag
til me
snudde breitla
midt på dagen
og raka ho i
dungar
om kvelden.

Innimellom
bada me
i Krekla.
Varme svaberg
og kjøleg vatn.

Alltid seinare
når det kom
kaldare og
vanskelegare
dagar
tenkte eg på
desse breitledagane. 

(ABM 31.05.2014)

fredag 30. mai 2014

Forgjengeleg


Ordet
forgjengeleg
 kom opp
frå det inste.
I gravferda
til vår
gode ven,

-Ho var den
 snillaste  damo
eg veit om,
sa eit av barna
våre ein gong.

Likevel.
Livet er rart og
forgjengeleg.

Ein dag er du
der.

Ein annan dag
er du borte.

Me kan ikkje
ha gode
samtalar
eller gleda
oss saman
over den
første blomen
om våren. 

(ABM 30.05.2014)

torsdag 29. mai 2014

kjem du tilbake trur du


dei sa det var
fint ver
då du drog

kvar dag med
fint ver
ser eg etter deg
men du kjem ikkje

då stengjer eg
meg inne når det
er fint ver

kanskje vil du
koma
når eg er borte

livet er ikkje
lett å forstå

eg spør
tilbake til
det inste
men då får
eg ikkje kontakt

det inste
sviktar meg
for ein gongs
skuld 

(ABM 29.05.2014)

onsdag 28. mai 2014

Å koma for seint


Eg tenkte
å vitja folket
ved havet.

Om kvelden
kom eg over
åsryggen innanfor.

Husa, nausta,
øyane og havet
var der.

Men folket
hadde gått
sin veg. 

( ABM mai 09)


tirsdag 27. mai 2014

Når du har kjøpt alt, prøver du på slikt ikkje kan kjøpast


Eg gjekk over strendene
for å fanga dei
siste solstrålane
om hausten.

Eg fanga og eg fanga,
men eg greidde ikkje å
halda på dei
så eg måtte gå
tomhendt heim att.

(ABM 1975)

søndag 25. mai 2014

God jakt - eller diktet om livet i livet



Det er lys som eg
kanskje
ikkje såg

Endåtil
midt i bildet,
eller bitte litt
ein eller
annan stad.

Leit etter det
før du går. 

(ABM 1999)

Forord


ABC-boka ramma barndommen inn.
Ho var læreplanen i skulen.
Ho låg i ranselen som ein heilagdom.
Ho var boka mi for alltid.
Ingen skulle ha ho att.
ABC-boka var mi.

Harepusen, bjørnen, blomane,
Ola, Kari og alle dei andre.
Og så bokstavane og orda
som opna verda mi.

Så oppdaga eg litt om litt
den verkelege ABC-boka.
Den måtte eg læra meg sjølv.
Læreplanen om livet.

Då var eventyret slutt,
og eg fann fram den
første ABC-boka mi
og reiv ho sund.
Side etter side
og kasta dei inn
i den flammande elden.

(ABM 1983)

lørdag 24. mai 2014

Utsyn


Slik gjekk den
eine dagen og
den andre.
Årstidene, morgon
og kveld,
og alt som var
imellom.

Men noko var
alltid det same.
Nausta, sjøen og
fjella.
Endåtil månen
kom med
jamne
mellomrom
og farga alt
ukjenneleg og
med eventyret.

Det uforklarlege
lyset som fortalde
om noko anna
langt der bakom. 

(ABM 01.07.11

fredag 23. mai 2014

Sola og stjernene kan gjerne gå andre vegen for min del


Når du er nær meg
saknar eg ingenting.
Vinteren, sommaren
og alt det andre
er der ute.

Når du er nær meg,
sit eg berre
og har alle årstidene
og heile himmelrommet
med sola, månen og stjernene
langt der inne i
meg sjølv. 

(ABM 1966)

torsdag 22. mai 2014

God natt


Stilt og mørkt.
Husa luter
 mot natta.
Månen vaknar
litt om senn.
Grinda ho er
bunde fast.

Sov no godt
min kjære venn


(ABM 1962)

onsdag 21. mai 2014

Det løyndomsfulle


Det står ein
kontainer ute
i skogen.
Låst og bolta fast.
Stått der i
mange år.
Attlaten
og gløymt.
Eg bankar
stundom
på han.
-Hei, hei,
seier eg.

I det inste
i deg sjølv
er det attlatne
rom
låst og
bolta og
gløymt.
Ingen kjem ut
og du vågar
ikkje å banka på.
Du vil det ikkje
heller.
For livet er
vanskeleg nok
i seg sjølv. 

(ABM 21.05.2014)

tirsdag 20. mai 2014

Det er alltid noko med lyset og det mørke havet


Sjølv i dei solfylte
dagane og
Oster gjekk forbi
på fjorden,
og alle var snille
med kvarandre,

var det likevel
bilde bak bilde
som skremde meg
om dagane
og i dei lange nettene. 

(ABM 01.01.06)

mandag 19. mai 2014

Det er der inne og kjem fram utan varsel


I det inste i meg sjølv
ligg gøymt
det vide havet
den tronge fjorden
dei bratte liene.

Den ljose
sommarmorgonen
kjem fram.
Suset i graset
når far min slår
med ljåen.

Me hoppar i høyet
i løa vår
når det regnar
og vinden står
mot løeveggen.

Fiskar med agn
og stang
i straumen
og i fjorden.

Kameratane mine
er der heile tida.
Dei kjem fram
frå det inste i meg
dei også.
Og så går dei
heim over
den gamle brua. 

(ABM 30.10.1988)


lørdag 17. mai 2014

Du min kjære


Det er mørkt
når du er borte.
Du lyste opp
og var meg nær.

No er det haust
og dagane er korte.
Inni meg er audsleg, du.
Eg hadde deg så kjær. 

(ABM 17.05.2014)

fredag 16. mai 2014

Dagane går sin gang


Den eine dagen
og den andre
dei går sin gang.
Brått er me langt
ut i mai.
Våren er i flor
og sommaren er nær.

I går er borte
i morgon kan eg
gjera noko med.

Men kanskje
morgondagen også
fer sin veg
utan at eg tenkjer
over det. 

(ABM 16.05.2014)

torsdag 15. mai 2014

Eg såg deg att etter 54 år


Dagen er så klar i minnet.
Eg hugsar deg så nært og sårt.
Det rann ei tåre over kinnet.
Den tida fekk eit rom i minnet vårt.

For du var seksten år og ung i sinnet.
Eg var seksten år og keitete og brå.
Du skulle reisa og tida ho var inne.
Me stod i vegkrysset og himmelen var grå.

Eg såg deg att i dag og du var grå i håret.
Det var furer over alt i kinnet ditt.
Eg ville ikkje rippa opp i såret.
For kanskje har du gløymt bort meg og mitt. 

(ABM 15.05.2014)

tirsdag 13. mai 2014

Me trudde heile tida me såg oss sjølve i ovale speil


I ovale speil skjer mykje rart.
Der vert du skeiv og skakk
og vridd og lang.
Og så smiler du med brotne
tenner og lang nase.

Tenk å vera inne i heile
ovale rom.
Tenk kor forvridde
og løgne me er
ifrå alle sider.

Me ser kvarandre og
ler hjerteleg.
Me hujar og skrik
til dei ovale speila sprikk.
Men tenk – me er like
løgne for det.
Me er like skakke og forvridde.

Då ler me ikkje meir.
Me går ut av dei ovale romma
og er alvorlege
etterpå. 

(ABM 1986)  

Om Afghanistan. Kva tenkjer du...?


I går var eg på avslutning
for tiendeklassingane.
Dei gledde oss alle med
spel, song og dans.
Så fekk dei vitnemåla sine.

Mens eg sat der,
kom eg til å tenkja på
granatepla i Afghanistan
dei beste granatepla i heile verda
i skråningane rundt Kandahar
strålande blomeprakt
om våren
og glade menneske
som plukka epla om hausten
så kom krigane
og no er granateplehagane fulle av
bomber og granatar

Tenk om, tenkte eg. 

(ABM  19.06.09)

mandag 12. mai 2014

Karl Martin, Oliver og Besten


Me laga eit bilde
saman.
Oliver malte
 tre og sjø.
Karl Martin båtar,
 naust og bilar,
og Besten malte
eit stort hus
og eit kjempedigert
fjell.

Oliver var tre år,
Karl Martin ni og eit halvt,
og Besten var nesten
 sekstifem år.

Mens me malte,
snakka me om
mange ting.
Sjå fisken der.
Bilane kjem i fin fart.
Skal eg mala dei som
bur i huset, Besten?

Ei lita hending i livet
mens dagane elles er

fulle av mange ting.
(ABM 25.05.2009)


søndag 11. mai 2014

Kanskje forlet dei oss vår skuld, for me veit i grunnen kva me gjer


Sit i ro, seier me.
Foreldre, lærarar og alle dei andre.
Tei stil, seier me.
Snakk, seier me.

Til slutt reiser dei seg opp
og seier fram det me vil.
Takk, seier me. Sit ned.

Me bind dei på hender og føter.
Me kneblar dei for munn,
øyra og auga.

Når me har gjort alt dette,
Kastar me dei ut i livet
der dei kan gråta
og skjera tenners gnidsel.

(ABM 1984)