Sider

onsdag 2. juli 2014

søndagsstille i foajeen



 ein sommardag
heit luft
trafikk og
brennande
heit luft.
eg kjem
sveitt og
utkjørt
inn i foajeen
stille og
kjøleg

livet vender
sakte attende

eg berre står
og nyt
dette sekundet

det totale skiftet
viljelaus
står eg der
og veit ikkje
mi arme råd 

(ABM 02.07.2014)l

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar