Sider

mandag 7. juli 2014

Berre ein tanke


Finn meg ein hage der kvile å få
Fjernt ifrå dagar med uro og mas.
Finn meg ei glenne der solljos får rå.
Gje meg det ljoset eg saknar til nå.
Fjernt ifrå dagar som slite meg i sund.

Der kan eg tenkja og grubla om litt.
På alt som er gale på jorda vår.
Der kan eg tenkja og fara så vidt.
Djup inni ørken og urskog og is.
Der kan eg tenkja på kva som er godt.

Gje meg ein tone frå fjorden så blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 07.07.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar