Gje
meg ein tone frå fjorden blå
Lia
og fjorden er meg så nær.
No
har eg dikta til tonen og rytmen ei tid.
Dei
ljomar og gjev meg eit lyft.
Om
mangslungne ting i historia mi.
Der
inne, svingar dei med og gjer meg fri.
Tonen
i meg skakar meg opp og lyfter meg.
Eg
diktar om bølgjer og sjø, havet og land.
Tonen
og rytmen svingar seg i.
Dei
er der berre inne i meg, og eg kan
drøyma
meg bort til framand strand.
Tonen
og rytmen er i meg i heile mi tid.
Gje
meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt
inni skuggen av strendene då.
Gje
meg ein tone frå fjorden i kveld.
(ABM 27.07.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar