Sider

torsdag 3. juli 2014

Når det hender i mi gate, kva då?


På videoen min i går 
var det eit menneske
som fekk hovudet knust
og hjarta rive ut.
Eg tok ein slurk 
av pilsen min
og smilte til mine 
ungdoms venner.

På dagsrevyen i dag 
ser eg det ligg
strødd med lik
 i gatene
med vridde armar 
og oppblåste magar.
Folk går og snakkar
 med kvarandre
og bilane kjører forbi.
Eg kjøler tunga
 med drinken min
og seier:
–Det var voldsomt.

I morgon skjer
det kanskje i
gata vår.
Er eg ein av dei døde?
Eller hastar eg forbi og

snakkar med 
kvarandre?
(ABM 1987)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar