Sider

torsdag 31. juli 2014

Den gode dagen


Leit til du finn meg i draumen din.
Om natta når mørket er tett.
Då er du inderleg nær du venen min.
Eg sa du er trygg og aktiv i sinn.
Og kviskrar til meg lunt og lett.

Slik kan dagane gå sin gang.
Livet er med oss i kveld.
No stemmer me den gyldne sang.
Om liv og løyer rett og vrang.
Livet er lagleg i stova her.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 31.07.2014)

onsdag 30. juli 2014

Dei trur dei har rett og så slepper dei bombene over meg


Gje meg ei seng å kvila i
når bombene flyg inn.
Stikk hovudet under puta di.
Helst vil eg stogga uroa mi
når spørsmålet kvesser tanken min.

Spør meg ikkje kvifor det skjer.
Det er det ingen som veit.
Me prøver etter evne å leva her.
Men enkelte folk finn svaret der
i boka frå fleire tusen åra før.

Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 30.07.2014)

tirsdag 29. juli 2014

Flyktningen og vegen heim


I dag tek eg med eit lite apropos til nyhendemeldingane. Diktet laga eg i 2005.

Det er underleg.
Dei gamle båtane,
husa, fjella,
sjøen og havet.

Alt ramma inn barndommen,
og sit meiningslaust fast i tanken min.

Men det gjer også vegen ut
og den lange
vegen heim att. 

(ABM des. 2005).   

mandag 28. juli 2014

Sommartid


I går slutta eg
å dikta på
tonen og rytmen
frå fjorden og
bølgjene og dei
bratte liene.

I dag sa den inste
i meg ingen ting.
Heilt stum.
Då er eg vel
ikkje ferdig
med dette då.
La tonen og rytmen
spela litt til.
Så får eg sjå kva
det inste i meg
vil fortelja.
Det må vel vera
noko viktig sidan
han teier no. 

(ABM 28.07.2014)

søndag 27. juli 2014

Grunntonen min


Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.

No har eg dikta til tonen og rytmen ei tid.
Dei ljomar og gjev meg eit lyft.
Om mangslungne ting i historia mi.
Der inne, svingar dei med og gjer meg fri.
Tonen i meg skakar meg opp og lyfter meg.

Eg diktar om bølgjer og sjø, havet og land.
Tonen og rytmen svingar seg i.
Dei er der berre inne i meg, og eg kan
drøyma meg bort til framand strand.
Tonen og rytmen er i meg i heile mi tid.

Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.


(ABM 27.07.2014)

lørdag 26. juli 2014

Eventyr


     
       1. Ein liten skog med tre og gras og elv og gøymeplassar 
            -Fuglen min er inni der
og rev og bjørn og harepus og ulv fer rundt og tassar.
-Anneli og Tori, kom no her.

  1. Me skal besøkja bjørnen der i huset hans ved elva,
og reven bur i lag med han, det vil han sjølvsagt velja.

  1. Pusen kjem og bankar på, etterpå kjem fuglen likeså,
og bjørnen sit i stolen sin: Kor mange fiskar kan me få?
      
  1. Dei henta fiskesakene og vandra bort til fossen.
Og Anneli og fuglen sa: Hei deg, du er tossen.

  1. Så fiska dei og fiska dei den eine fisken og den andre.
Anneli fekk to og Tori ho fekk ein og nokre fekk kvarandre.

  1. Og etterpå så gjekk dei heim til hytta og til plassen.
Bjørnen steikte fiskane, og så åt dei på terassen.

  1. Og kvelden kom med lette steg frå skog og fjell og lia.
-Fuglen min er inni der.
Og snart går Anneli med kosen sin på fjerne draumestia.
-Anneli og Tori kom no her.


(ABM 1984) 

fredag 25. juli 2014

Fødselsdag


Ha takk til deg og livet i alle desse sytti år.
Mange dagar, timar, minuttar og sekund.
I alle dagar levde eg i enkle og gode kår.
Nokre folk var snille og andre gav meg sår.
Mange dagar og du finn meg her ein stad.

La gå at turen var omstendeleg og lang.
Eg likar meg i regn og hustrig vind.
La gå at eg var ofte altfor mykje vri og vrang.
Likevel med mot og rytme i så mang ein gang.
Eg likar meg i regn og hustrig vind.

Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.
 (ABM 25.07.2014)

torsdag 24. juli 2014

Bryllaupsdagen


Eg tenkjer på alle dagane som går.
La meg sjå på deg kjære.
Den lange reisa i førtini år.
Dag etter dag utan altfor mange sår.
La meg sjå på deg kjære.

Ingen kunne alle desse dagane spå.
Du finn meg her ein stad.
Korleis alt dette livet ville gå.
Om me beint eller skeivt vil trå.
La meg sjå på deg kjære.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 24.07.2014)

onsdag 23. juli 2014

Eg tenkte på det


Ljos over Hardangerfjord i gylden bris.
Det er tropedag på stranda her.
Folgefonna mektig over fjella ris
Slike dagar gjer meg tankefull og vis.
Det er tropedag i Øystese i dag.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.

Me budde her til nittensyttito.
Då ungane våre var viltre og små.
Kvar kveld gjekk ljoset over fjorden til ro.
I desse åra trur eg verda mi var god.
I dag er barnebarna med til stranda her.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.


(ABM 23.07.2014)

tirsdag 22. juli 2014

Det døyr eit barn


Solljoset stig over fjella ein stad.
Langt borte frå der eg er no.
Krigar ein finger på avtrekkjar la.
Han skulle skyta og fara av stad.
Langt borte frå der eg er no.

Du vesle barn ved sida av faren din.
Langt borte frå der eg er no.
Du vesle  fekk kula frå han som vinn
evig plass i himmelen sin.
Han trur det sjølv, i skrekk og gru.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Gje meg ein tone, la bølgjene slå. 

(ABM 22.07.2014)

mandag 21. juli 2014

Fødselsdagen


Fem og nitti års fødselslag
Tida går så fort så fort
Mor mi feirar dagen sin i dag
Fem generasjonar slag i slag
Tida går så uendeleg fort.

Eg hugsar ho som mora mi.
Tida går så fort så fort.
Eg var liten gut og verda vid.
Du trøysta meg og hadde tid.
Tida går så uendeleg fort.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 21.07.2014)

søndag 20. juli 2014

Lag meg ei skute i dag


Lag meg ei skute for framande land.
Gje meg litt vind på turen.
Så vitjar eg alle der eg fer fram.
God dag og guds fred  kvinne og mann.
Gje meg litt vind på ferda.

Eg møter dei alle på rekkje og rad.
Og reiser til verdens ende.
Eg høyrer på kva dei alle sa..
Gje  oss ljos og fred og glade kvad-
Forvitneleg. Dei ynskte ikkje meir.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.
 (ABM 20.07.2014)

lørdag 19. juli 2014

Å ha retten på si side


Alle seier dei har retten
på si side.
Retten finn dei
hjå guden sin
hjå ideologien sin
og så bortetter
og så bortetter.

Dei seier dei har
retten til å
drepa dei andre.
Barn, kvinner og menn.

Dette er hovudsaka
i Dagsrevyen i dag.
I Ukraina og i
Midtøsten,
Syria, Irak,
Israel og Gaza.

Det er forunderleg
at mennesket er
skapt slik
at dei gjer ille
mot andre. 

(ABM 19.07.2014)

torsdag 17. juli 2014

Det er berre livet det, sa dei



Dei rare skyene.
Ferja og havet.

Eventyret var
alltid der.
I skyene.
Dei skiftande
i tallause
 former.

Og i havet
og langs strendene.

Alt i alt.
Før og etterpå.

Finn du meg
der ein stad.


(ABM des. 1995)




onsdag 16. juli 2014

Kva trur du


Finn eg deg att skal eg ropa på deg
i den stille varme sommarkvelden.
Finn eg deg att vil du halda rundt meg.
Eg kjenner lengten og uroa dreg.
Finn eg deg att vil eg leva igjen.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 16.07.2014)

tirsdag 15. juli 2014

Gje meg det gode


Vil du den gode gjerning i dag.
Bygg deg ein tanke om kva som er godt.
Kanskje du finn det som lag på lag.
Kanskje leitar du fåfengt i dag,
Men eg tenkjer det vert no ei råd.

Det er ein tanke så underleg god.
Om det å gjera mange gode ting.
Om det å vera trygg og kvila her i ro.
Ingen krig og gru øydelegg for oss to.
Bygg deg ein tanke om livet ditt.

Gje meg ein tone frå fjorden blå.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå. 

(ABM 15.07.2014)

mandag 14. juli 2014

Kva tenkte gudane på?


Dei høge ville fjella
strekkjer seg
til himmelen

Alt er veldig.
Og alt er stort.

Kulden, snøen
og den mørke fjorden.

Dei små husa kan me
nesten ikkje sjå.

Og menneska.
Kvar kom dei frå.
Og kvar er dei

Kva tenkte gudane på,
 trur du? 

(ABM    16.10.09)


søndag 13. juli 2014

Lukke til


Finn Elias, oldebarnet, døyper seg
i gamle gode kyrkja her på Stord.
På lange ferda ut i livet legg i veg.
Der ute vil han møta både deg og meg.
Finn Elias, lukke til kvar enn du fer.

Gje meg ein tone frå fjorden blå.
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 13.07.2014)

lørdag 12. juli 2014

Fullmåne over fjorden



I det klare, kalde
blå lyset
vaker månen over fjorden.

Det bildet.
Som eg alltid har sett.
Evig og uforanderleg.
Månen som lyser
over fjella og fjorden.

Takk o gudar -
i ei kaotisk verd.

(ABM 20.01.11)




fredag 11. juli 2014

Tidleg morgon


Eg har aldri sett
Eiffeltårnet eller
skyskraparane
i Dubai og
New York.

Men eg har sett
soloppgangen.
I båten min.
Tidleg morgon.
Fiska ved
Huglohammaren
eller Kyvikskjer.

Sola over
Kvinnheradsfjella.
Det tindrande
ljoset gyller
Kattnakken.
Til ein ny dag. 

(ABM 11.07.2014)

torsdag 10. juli 2014

Det usagde


Vil du meg vel min gode venn.
Så sit her saman og tei med meg.
Slik kan me sitja her litt i senn.
Å ikkje gjera så store renn.
Me lagar ein ørliten tanke saman.

Om det å vera eit menneske nær.
Å sitja og teia så stille i lag.
Eg veit at du er meg så inderleg kjær.
Me treng ikkje mange orda her.
Me lagar ein liten tanke saman.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 10.07.2014)

onsdag 9. juli 2014

Berre ein tanke


Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.

Lat meg få sitja og kvila  meg her.
Å byggja ein tanke så lysande klar.
At fridom for alle og kvar især.
Leika i glede med dei du har kjær.
Saman i livet der blomane gror.

Slik er det ikkje alltid må tru.
Nokon trur mykje tyngre og meire.
Dei trur dei er betre enn eg og du.
Dei meiner det fast, i all si gru.
Du menneske. Til alle tider.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 09.07.2014)

tirsdag 8. juli 2014

Ved Røldal kyrkje



Eg såg ein vandrar ved porten stå.
I soga til eldgamle Røldal kyrkje.
Han hadde vanskeleg inn å gå.
På slitne krykkjer og himmel grå.
Eg såg ein vandrar ved Røldal kyrkje.

Han sette krykkjene frå seg der.
Han vandra heilt ut til havet.
Og langt om lenge fekk mønstra på.
Han stod ved rekkja i himmel grå.
Han lengta heim til dei mange kjære.

Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld. 

(ABM 08.07.2014)