Sider

onsdag 12. februar 2014

Nokon endrar innhald i orda mine


Ny og effektiv,
seier dei.
Gjev oss kjensle
av å vera i tida
i full fart.

Sjå deg ikkje
attende
du skal ikkje
slipa ljåen
og finna fram
riva.

Ljoset er heller
ikkje slik det var.

Nokon endrar orda
og gjev dei eit
innhald
slik at me forstår
dei annleis
enn me trur.

Me veit me blir lurt.
Med opne augo. 

(ABM 12.02.2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar