Det
var skotpremie
på
skadedyr
då
eg var liten,
så
som rev,
kråke,
trost
og
mink.
Dei
gjorde skade
for
dyr og
menneske
og
eg
var redd
for
lammet mitt.
Av
og til lurer eg på
kvifor
det ikkje er
skotpremie
på
dei verste
skadedyra.
Dei
som piner
og
drep andre
menneske.
Dei
fyller
gravlundane
og
konsentrasjonsleirane.
(ABM 21.02.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar