Eg
lurer ofte på
mange
ting.
I
grunnlova t.d.
snakkar
dei om
fridom
likskap
og
brorskap.
Eg
lurer på kven
som
er meir
frie
enn
andre
kven
er meir
like verdige
enn
andre
kven
er meir
brør
enn
andre.
Eg
lurer på
om
det er i mitt
fedreland.
dei
sender ein
ungdom
til
eit
framandt land.
Han har budd her
fjorten år
Dei
seier at han
er
ikkje
verdig
til å
bu
i landet vårt
han
er ikkje
vår
bror
han
har ikkje rett
til å vera så fri som oss.
Eg
lurer på
kva
grunnlov
me
feirar.
(ABM 14.02.2014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar